× Translate this page?

Om PDFreaders.org

Denne nettstaden er eit tiltak frå Brorskapet til Free Software Foundation Europe (FSFE). Tek kontakt med oss på contact (at) pdfreaders (dot) org om du har tilbakemeldingar.

Om du har lyst til å lere meir om fri programvare og opne standardar kan du ha nytte av desse lenkjene:

Om FSFE

Free Software Foundation Europe (FSFE) er ein ideell friviljug organisasjon som er aktiv i mange europeiske land, og som er involvert i ei rekkje globale aktivitetar. Tilgong til programvare avgjer om ein kan ta del i eit digitalt samkome. For å sikra lik deltaking i informasjonsalderen, og konkurransefridom, søkjer Free Software Foundation Europe å fremja fri programvare, tyda som fridomane til å nytta, studera, endra og kopiera. Samskipnaden blei stifta i 2001 med det føremål å skapa oppmerksemd kring desse sakene, for å sikra fri programvare båe politisk og juridisk, og for å gje folk fridom ved å stø utvikling av fri programvare.